Eg har arbeidd med tekster i tretti år - som bibelomsetjar i Bibelselskapet, som prest og forkynnar, og som forfattar og foredragshaldar. Eg har skrive fleire populærteologiske bøker om Bibelen, blant andre "Det store puslespillet" (2014), "Boka om boka" (2019) og "Johannes' openberring - ein samtidsvisjon" (2022), i tillegg til eigen og omsett lyrikk. Eg arbeider for tida på eit prosjekt om dei fire evangelia, med tittelen: "Are the Gospels folk literature?" der eg prøver å finne ut kva slags litteratur evangelia er - folkeleg litteratur skriven i eit fellesskap eller høglitteratur forma av lærde skribentar.