MF-KOM lunsj med Ingunn Aadland: Bibelen i kulturen, Barnebiblar og kjønna maktstrukturar
- Dato/tid:
- Sted: Auditorium 4
- Legg til i kalender
Korleis hugsar vi Bibelen i vår kultur? Og korleis presenterer vi Bibelen for barn?
I kristen opplæring er Bibelen sjølve utgangspunktet for trua. Og Jesusforteljingane speler ei særskilt rolle: dei formidlar kristne verdiar.
Barnebibelen låner autoritet frå Bibelen sjølv, men forteljingane må også evne å underhalde og å formidle til barn i vår tid. Desse føremåla pregar både forteljingsutval og iscenesetjing av dei ulike forteljingane.
Ingunn Aadland forsker på den kulturelle bibelen, og hun har sett særleg på konstruksjon av kjønn i barnebiblar. Kva er det som gjer at Bibelske kvinner så ofte kneler? Og kva seier det om maktstrukturar og kjønnsideal?
Det kan sjå ut som om bibelformidling for barn, i vår eiga tid, nettopp har gitt næring til tanken om kvinneleg underordning.
Foredraget tek utgangspunkt i ein nyleg publisert artikkel «Casting Biblical narratives. Gendered power hierarchies and cultural imagination in Scandinavian children’s bibles.” (Studia Theologica).