- Dato/tid:
- Sted: Auditorium 4
- Legg til i kalender
Førestillingar om og framstillingar av jødar og jødedom i Bibelen gjenfortalt for norske barn
Jesus var jøde, og evangelia i Det nye testamentet fortel om Jesu liv og gjerning i ein jødisk kontekst. Når Den norske kyrkja vil at barn skal lære om Jesus, er det motivert av ei kristen tolking av Jesus, men òg ei kristen tolking av bibeltekstane. Den bibelske Jesus som kyrkja si trusopplæring formidlar, er altså ikkje utprega jødisk. Kva skjer så med bibelforteljingane i den kristne gjenfortellinga? Analysen av bilete og tekst i eit utval Barnebiblar og Barnas viser at førestillingane er samansette, men også at kontrast- og konfliktmotiv stadig pregar framstillingar i bibelformidlinga.