40 % av unge under 30 år vil lære meir om Bibelen. Det er langt fleire enn i generasjonane over. Då Bibelselskapet sleppte desse tala i bibelbruksundersøkinga i mai i år, verka det nesten litt kuriøst. Sidan har me fått fleire tal som går i same retning. Jesus trendar, som dette bladet slo fast i sist nummer, og ein del av det er ei fornya interesse for Bibelen. Spørsmålet er: Er Den norske kyrkja skodd for å møte dette?

LK 10/25

Skrevet av Per Kristian Sætre

Ønsker du å få tilgang til alle artiklene? Bli abonnent!

Bibelen i gudstenesta

I prinsippet burde det ikkje vere tvil om at Den norske kyrkja tek Bibelen på alvor. I alle gudstenester les me høgt frå Bibelen. Midt i liturgien sine gjennomdrøfta ord kjem eitt eller fleire stykke eldgammal, framandarta og uregjerleg tekst. I dag finst det mange enklare måtar å lese teksten på enn å lytte over eit dårleg lydanlegg ein sundags føremiddag.

Når me likevel held fram denne praksisen, er det eit uttrykk for at Bibelen er viktig. Det formidlar også ein annan ting: Bibelen må tolkast, og det er heile kyrkjelyden si sak. Når me les lange avsnitt og ikkje berre presenterer ferdigtygde tolkingar med tilhøyrande utvalde bevisvers på ein powerpoint, er det ein invitasjon til å ta del i tolkingsarbeidet.

Det er noko ryddig ved det. Både dei som har diskutert seg fram til ein høveleg norsk ordlyd og dei som har valt ut utdrag til tekstboka, har gjort sitt for å temje teksten. Det held berre eit stykke på veg. Det er likevel ikkje til å unngå at mange sit att med ein inntrykk av at dette er rare greier.

For eit stort fleirtal er Bibelen det einaste stykket skikkeleg gammal litteratur dei nokon gong vert eksponerte for. Det vil alltid vere nokre «vrange vers» som skurrar og krev ein kommentar.

Responsen som ikkje når fram

Slik spelar me opp til at den responsen som kjem i preika, skal vere viktig. Kyrkja sit på eit korps med høgt utdanna bibelfortolkarar med grunnspråk, historiske bibelfag og hermeneutikk i bagasjen, som har som ei av sine hovudoppgåver å tolke teksten kvar sundag.

Og i følgje bibelbruksundersøkinga, så er det ein god gjeng som oppfattar gudstenesta som ein god stad å lære meir om Bibelen. Det gjeld primært for dei over 70, der nærare 40 % deler denne oppfatninga. Så dalar tilslutninga generasjon for generasjon, heilt til ein ser at under 5 % av dei under 30 oppfattar gudstenesta som ein relevant arena. Her krasjar forventingane med realitetane.

Grunnane til at det er slik, kan vere mange. Eitt moment er at tidsramma for preika er knapp. Det er i realiteten ikkje mykje rom for ein undervisande preikestil. Det er mange andre element i gudstenesta, og forventingane til at ein skal vere ferdig med heile greia innanfor rimeleg tid, er sterke. Heller enn å snakke om tolkinga, modellerer predikanten ein måte å tolke på.

Den eldste generasjonen kan vere betre trena til å oppfatte dette. Det er også ei mogelegheit for at dei svarer basert på opplevingar frå ei tid då det var større rom for lange og grundige preiker. Det har den yngste generasjonen i liten grad opplevd, og kanskje er det dette respondentane gjev uttrykk for. Det er i alle fall tydeleg at det er eit behov her som kyrkja ikkje dekkjer.

Det er ikkje tvil om at amerikanske evangelikale har dei største ressursane til å formidle bodskapen sin i desse kanalane.

Per Kristian Sætre

Gammalt og nytt i alle kanalar

Svara i bibelbruksundersøkinga seier også noko anna. Kjeldene dei yngste generasjonane har til si bibeltolking, finn dei i stor grad på nett, i youtube-filmar, podkastar og nettsider. Einskapskulturen er i oppløysing også her.

Dei som er under tretti, har aldri opplevd konfesjonell kristendomsundervisning, og få har gått på sundagsskule. Den nye medierøyndomen er verken lineær eller koherent. Det dukkar opp element av mange slags teologiske tradisjonar, litt herifrå og litt derifrå, og det er ikkje tvil om at amerikanske evangelikale har dei største ressursane til å formidle bodskapen sin i desse kanalane.

Både gammalt og nytt kan brått verte aktualisert, og slett ikkje alt er av det gode. Dersom me faktisk tenkjer at den lutherske tolkingstradisjonen er ein god arv, må me formidle han

Arbeid langs to spor

Situasjonen inviterer til arbeid langs to spor. Ein ting er at me ikkje kjem unna at me treng arenaer i tillegg til kyrkjelyden si hovudgudsteneste for å lese Bibelen saman om ein vil vere til hjelp for dei som ynskjer å lære meir. Me treng tid og rom for diskusjonar og gode møte. Å utvikle arenaer for kyrkjeleg undervisning og læring også etter konfirmasjonsalder er vesentleg.

Samstundes treng me også ein refleksjon over kva slags type bibeltolking me modellerer i dei samanhengane der me allereie er og brukar tid og krefter. Dersom me hoppar over dei vrange versa i formidlinga, seier me i praksis at desse tekstane (som me akkurat har brukt så mykje tid på å lese) ikkje er så viktige. Folk høyrer det.

Dersom me på den andre aldri skaper distanse mellom tolken og teksten, så inviterer me ikkje andre til å tolke heller. Det kan vere fleire grunnar til det. For meg var det ei aha-oppleving då eg etter ei preike der eg hadde leika meg gjennom Eden-forteljinga og brukt henne, som den myten eg meiner ho er, til å kaste ljos over mennesket sine grunnvilkår, fekk kommentaren frå ein oppegåande tilhøyrar:

«Det er ingenting i det du faktisk sa som tilseier at du ikkje trur den forteljinga er bokstaveleg sann.»

I mitt hovud er det ein debatt me er godt ferdige med for lenge sidan. Men mi tidslinje er ikkje tilhøyrarane si, og det må eg ta konsekvensen av.

Ressursar å ause av

Til hjelp for arbeid langs båe spora har me laga dette nummeret av Luthersk kirketidende. Her gjev norske bibelvitarar innspel til tolking av nokre tekstgrupper.

Anna Rebecca Solevåg drøftar korleis antikke forklaringsmodellar for sjukdom og funksjonshemming kolliderer med moderne verdsbilete når me les helbredingstekstar. Ellen Aasland Reinertsen drøftar tolkinga av ei likning som speglar eit negativt kvinnesyn.

Magnar Kartveit gjev eit riss av sine tolkingsstrategiar i møte med Bibelen sine vanskelege tekstar – for han er det eit hovudpoeng at Bibelen også diskuterer med seg sjølv. For Ingunn Aadland er det å hugse at tektene er skilde frå oss i tid ein nøkkel.

Me set også av nokre sider til å presentere Candida Moss si bok God’s Ghostwriters – ei bok som verkeleg framhevar slaveriet si rolle både i og bak teksten til Det nye testamentet og slik gjev ei solid teologisk utfordring. I tillegg gjev me også denne gongen ei rekkje tekstgjennomgangar – ein sjanger der me har lang tradisjon for å drøfte tolkingsproblematikk.

Lukke til med å tolke Bibelen ved neste høve!