Påska står for døra. I vente har me det som kan verte det årlege dykket inn i dei underlegaste tekstane i Den heilage skrifta og dei djupaste mysteria i den kristne trua. Spørsmålet er om me vågar spranget ut i det ukjende.

LK 3 /25

Skrevet av Per Kristian Hovden Sætre

Ønsker du å få tilgang til alle artiklene? Bli abonnent!

To av artiklane i dette nummeret dokumenterer korleis både predikantar og undervisarar held tilbake og tyr til kjende frasar og stivna forklaringar når temaet vert Jesu død og oppstode. Det beste botemiddelet er bibeltekstane sjølve – om me berre slepper dei fri.

I eit par år har eg skrive spalta «Vrange vers» for magasinet Strek og Vårt Land. Dette er ei innsendarspalte der folk sender inn bibelvers dei stussar over og som dei ynskjer tolkingshjelp til. Så langt er det ikkje snakk om veldig mange spørsmål, men eit klårt fleirtal av spørsmåla kjem frå Matteusevangeliet. Rapportane frå MF sitt emne om vanskelege tekstar tyder på at Matteus kjem høgt opp på lista der også. For meg som heilt sidan studietida har arbeidd aller mest med Matteus, er det slett ikkje overraskande – og eg trur det er eit symptom på eit meir grunnleggande problem. Ei nærlesing av Matteus gjer det tydeleg at dei heilage tekstane våre er frå ei tid lenge før dei stramme systematiske modellane teologane har lært på studiet. Desse forenklingane vert fort spreidde vidare. Når ein skal snikre ein handfull tipoengsemne i bibelfag og systematikk som skal inn i ein allereie overfylt mastergrad eller skrive ei populærteologisk bok som eit forlag vågar å gje ut, er det fort gjort at ein vel det som er enkelt å formidle, og kompleksiteten må vike.

Forskinga på Matteus har dei siste førti åra lagd mykje vekt på at dette er eit jødisk skrift skrive medan sjokkbølgjene etter øydelegginga av Jerusalem i år 70 framleis gjekk gjennom det jødiske folket. Anders Runesson syner i boka Divine Wrath and Salvation in Matthew (2016) korleis frelse i Matteus fyrst og fremst vert forstått som å høyre til i gudsfolket. Ordet πίστις, som me omset «tru», er ein term som vert brukt om den haldinga som vert forventa av den som inngår i eit paktsforhold. Kanskje hadde omsetjinga «truskap» vore like bra? Catherine Sider Hamilton skriv i The Death of Jesus: Innocent Blood and the End of Exile (2017) om korleis den verkelege krisa i Matteus er at folket mistar den tilgangen til Guds nærleik som pakta lova dei. Det er spilt uskuldig blod i tempelet (23,35) og Gud kan difor ikkje vere nær der. Jesus døyr som eit offer som gjev reinsing og gjenoppretting. Patrick Schreiner demonstrerer i The Body of Jesus (2017) korleis dei gamle landlovnadene vert omtolka i Matteus til å gjelde det Gudsriket Jesus opprettar gjennom sin kropp, der menneska kan få del i den sabbatskvila som var lova gjennom Moses og profetane. Ingenting av dette passar utan vidare inn i  forenkla modellar for kva frelse og forsoning er. Ein kan ignorere det og harmonisere det bort. Ein kan sjå det som rusk i maskineriet og brysame etterleivningar frå ei anna tid. Eller ein kan sjå det upolerte og uregelrette i bibeltekstane som utgangspunkt for å formulere teologi som nærmar seg menneske sine livserfaringar, draumar og djupaste lengslar på nye måtar.

Ein kan sjå det upolerte og uregelrette i bibeltekstane som utgangspunkt for å formulere teologi som nærmar seg menneske sine livserfaringar, draumar og djupaste lengslar på nye måtar.

Per Kristian Hovden Sætre

Ganske mange norske teologar har fått opplæringa si i ein annan skule enn dette. I bibelfag har ein lært om ting som «den synoptiske tradisjonen» og «bibelsk teologi». Det er konstruksjonar som nullar ut skilnadene mellom tekstene. Det er ikkje ein uheldig bieffekt, men ei nødvendig følgje av den metodiske innretninga. Då vert det ikkje så lett å få auge på at til dømes Matteus ikkje utan vidare harmonerer med resten av Det nye testamentet. Sjølv er eg ikkje heilt overtydd om at Matteus er skrive i direkte protest mot Paulus sin teologi, slik nokre forskarar hevdar, men eg er ganske sikker på at  verken den gamle evangelisten eller dei fyrste tilhøyrarane hans hadde forstått noko som helst av eit konsept som «frelse ved tru åleine». Det var heilt enkelt ikkje slik dei tenkte. Men det fantastiske med Det nye testamentet er at på eitt tidspunkt tok nokon og bunta saman Matteus og Paulusbreva og alle dei andre skriftene og sette dei mellom to permar, med alle dei ulike røystene til stades. Det er det aller viktigaste stykket kristen teksttolking som nokon gong er gjort. Dermed står ulike bilete, metaforar og forklaringar på kva frelse er og oppstoda betyr side om side.

I norsk samanheng har Notto Thelle si strålande bok Gåten Jesus frå 2009 gjort mykje for å opne opp for den polyfonien av forteljingar om Jesus og forståingar av hans død og oppstode som finst i Det nye testamentet. Verbum forlag har fortenestefullt gjeve ut denne boka på nytt i Oriens-serien (2023), så no er ho å få i bokhandlane igjen. Thelle har ei eiga evne til å vandre gjennom mangfaldet og framstille kvar einskild forteljing på eigne premissar, informert og inspirert av både forskinga og litteraturen. Det vert ingen ryddige punktlister av det, men om eg skulle tilrå berre ei bok til påskepredikanten, så er det denne.

Difor har me laga dette påskenummeret av Luthersk kirketidende. Her finst Clara Nystrand og Inger Marie Lillevik sine drøftingar av kva som faktisk vert gjort og sagt frå preikestolen og i konfirmanttimane om temaet frelse. Her har me Jan-Olav Henriksen sin tekst om oppstoda som erfaringsopnar. Til inspirasjon for påskepredikanten trykkjer me òg ein bokomtale av The Scandal of the Gospel av Charles L. Campbell – ei bok som gir eit alternativ til enkle mønster og «happy endings» i forkynninga (takk til TPT for at me får trykkje denne). Og ikkje minst finn du både i førre nummeret og i dette tekstgjennomgangar som hjelper til med å opne tekstane og inspirere til å utforske mysteria saman med kyrkjelyden frå preikestolen.

Thelle opnar si bok med å hente fram Grundtvig som førebilete. Det er kanskje i salmediktarane sin leik med dei bibelske bileta og forteljingane me kan finne idealet for påskeforkynninga. Ingen bilete og ingen metaforar kan fange djupnene i mysteriet. Men ein predikant kan, som Grundtvig, setje seg føre å bruke bilete som grip noko, og så gjere det igjen, for å gripe noko anna. Det vert som «rosenkrans om kors å vinde.» Gi oss dertil mot og hell!

I LK denne gongen kan du lese følgjande artiklar:

  • «Påskens forkunnelse – att se livet och samtiden i uppståndelsens ljus» av Clara Nystrand
  • «Konfirmantlærer i soteriologiske spenningsfelt» av Inger Marie Lillevik
  • «Påsken som erfaringsåpner» av Jan-Olav Henriksen

I tillegg finn du bokmeldingar og søndagsteksten.