16. oktober i fjor var ein merkedag. På London Pub orsaka preses Olav Fykse Tveit for den smerta og skaden Den norske kyrkja har påført skeive. Orsakinga innebar ei takk til dei som har kjempa fram endringane. Ho slo også fast at arbeidet ikkje er ferdig. Eit halvt år etter spør me: Kvar går vegen no?

LK 3 /26

Skrevet av Per Kristian Hovden Sætre

Ønsker du å få tilgang til alle artiklene? Bli abonnent!

I dette nummeret har me invitert kyrkjelege aktørar til å seie korleis situasjonen ser ut no. Styreleiar Hanne Marie I. Pedersen-Eriksen i Skeivt kristent nettverk fortel om eit stort mangfald av reaksjonar frå skeive etter orsakinga. For nokre var dette viktig, for andre hadde det ingenting å seie. For nokre var det for seint, og for andre var det for tidleg. Ho understrekar kor viktig det er at dette ikkje vert eit punktum, men eit komma.

Professor emeritus Halvor Moxnes har gjennom mange tiår kjempa for endringane som har skjedd dei siste åra. Han trekkjer dei lange linjene i sitt bidrag. Kyrkjerådsleiar Harald Hegstad forklarer den kyrkjepolitiske bakgrunnen for orsakinga og gjev si tolking av vedtaket frå 2016 om at kyrkja har to syn i spørsmålet om likekjønna samliv.

Professor em. Knut Alfsvåg leverer eit innlegg med sterkt kritiske merknader til gudstenestene i samband med orsakinga. Redaksjonen utfordra også kyrkjevallista Frimodig kirke til å levere ein tekst, men deira bidrag vart diverre ikkje ferdig før trykking.

Den norske kyrkja vedkjende seg både den skaden som skeive er påført, og sitt eige ansvar for denne.

Forsoning

Felles for dei tre artiklane er at dei nyttar eit omgrep som manglar i preses si orsaking, nemleg «forsoning». Orsakinga er formulert på ein måte som ikkje stiller krav til mottakaren sin reaksjon. Den norske kyrkja vedkjende seg både den skaden som skeive er påført, og sitt eige ansvar for denne.

Ei forsoning er ein prosess mellom partar, der målet er å forbetre relasjonen for framtida. Som Moxnes påpeikar i sin artikkel, var det representantane frå Skeivt kristent nettverk og FRI som nytta dette ordet i  sine responsar på pressekonferansen på London Pub. Det låg ein underforstått invitasjon i orsakinga, og denne invitasjonen fekk eit svar. At kyrkjerådsleiaren no også brukar ordet, tyder på at noko er i gang. Spørsmålet er korleis ein forsoningsprosess ser ut vidare.

Fleire arenaer

Ein ting som også vert tydeleg i bidraga i dette nummeret av LK, er at ein forsoningsprosess må skje på mange arenaer samstundes fordi menneske relaterer til kyrkja på så mange måtar.

Orsakinga 16. oktober var ei hending i det offentlege rom, uttala av preses på vegner av heile kyrkja med responsar frå offisielle representantar frå skeive sine organisasjonar og kyrkja sine fagforeiningar, og det heile vart direkte overført i media. Det kyrkja gjer på denne arenaen, heng saman med, men er noko anna enn, dei prosessane som skjer i kyrkjepolitikken.

Det som vert sagt og gjort på desse arenaene, kan bety mykje. Men så er kyrkja fyrst og fremst lokal, ikkje berre ein institusjon, men også eit fellesskap av menneske med eit mangfald av identitetar og seksualitetar Det er der menneske møter kvarandre.

Både orsakinga og fleire av artiklane i dette nummeret framhevar både det vonde og det viktige som skjer lokalt. Det er her skeive har høyrt harde ord om at deira kjærleik ikkje er anerkjent. Samstundes er det her prestar og diakonar i fortrulege samtalar har lytta til forteljingane om det som har vore vondt, og det er der dei endringsprosessane som førte fram til dei viktige vedtaka på kyrkjemøta i 2014 og 2016, har byrja.

Elefanten i rommet

Då ein innførte vigsel for likekjønna par i 2016, vart det også gjort eit vedtak om at Den norske kyrkja har to likestilte syn i saka. Harald Hegstad forklarer korleis dette vedtaket er eit uttrykk for at kyrkja gjennom lange samtalar ikkje greidde å kome fram til semje. Dette er ei forståing som fungerer på teologien og kyrkjepolitikken sitt område.

Det er eit faktum at kyrkjemøtet er sett saman av medlemmer med (minst) to ulike syn i saka, og at ein har eit vedtak på at dette ikkje er kyrkjesplittande. Samstundes er det ikkje sikkert talen om to syn gjev meining på andre område. I det praktiske liv er det slik at Den norske kyrkja vier likekjønna par. Både økumenisk og i samfunnet elles er det slik kyrkja vert oppfatta.

Ei kyrkje kan ikkje både vie likekjønna og ikkje gjere det, sjølv om prestar og andre tilsette har fridom til ikkje å medverke ved slike vigsler. I andre tilfelle der det finst ein slik fridom, kallar me det ikkje «to syn». Ideen om to syn gjer også at ei orsaking kan klinge holt. Det er Hegstad uroleg for.

Orsakinga 16. oktober kom frå ei kyrkje som i praksis har eitt syn

Halvor Moxnes ser det annleis. Han skriv i sin artikkel at orsakinga 16. oktober kom frå ei kyrkje som i praksis har eitt syn. Eg trur det stemmer. Fleire har snakka om å leggje bort språket om to syn i kjølvatnet av orsakinga. Åste Dokka spådde i Vårt Land før jul (18.12.) at ei slik endring kjem til å kome. Det vil ikkje vere ei endring av realitetane, men ein språkbruk som betre gjev uttrykk for korleis ting faktisk er. Eg trur det vil vere tenleg for alle partar, også for dei som er usamde i det synet vigselsliturgien av 2017 uttrykker.

Arbeidet lokalt

Det viktigaste og vanskelegaste arbeidet skjer likevel lokalt. Det er i møta mellom menneske mogelegheitene er størst for å heile gamle sår og for å skape rom der alle kan kjenne seg trygge.

Hanne Marie I. Pedersen-Eriksen er den som er tydelegast på kva som bør skje lokalt, med kompetanseheving, inkluderande språk i liturgien og rammeplanar for undervisning og diakoni som sikrar mangfald og tryggleik. Samstundes er det lokalt prinsippa kolliderer.

Harald Hegstad skriv om kyrkjemedlemmer og kyrkjelege medarbeidarar sin samvitsfridom. Denne fridomen står i ei naturleg og uunngåeleg spenning med forventninga om trygge rom for alle. Hegstad skriv sjølv at vedtaket om to syn set grenser for både forkynning og undervisning, og at det ikkje er innanfor desse rammene å til dømes seie at personar i likekjønna ekteskap ikkje er sanne kristne.

Biskop Ole Kristian Bonden gjekk lenger under Åpen folkekirke sitt jubileum førre månad, og var i Vårt Land sitert på at «kirkerommet må være romslig, men først og fremst trygt» (9.2.). For kyrkjelege leiarar og medarbeidarar ligg det ei stor utfordring her, som vil krevje klokskap og vilje til å lytte.