Heilt enkelt og like stort
Ei av dei største endringane i Den norske kyrkja det siste tiåret er framveksten av dåp og vigsel etter drop-in-prinsippet. Det byrja som lokale initiativ med inspirasjon frå Sverige, men har utvikla seg til nasjonale satsingar med solid støtte frå kyrkja sentralt. Den høge oppslutninga seier noko om at kyrkja her treff eit behov.
LK 11/26
Skrevet av Per Kristian Sætre
Ønsker du å få tilgang til alle artiklene? Bli abonnent!
426 par valde til dømes å gifte seg i ein drop-in-vigsel på valentinsdagen i år. Det er ein bra del av dei kring 7000 kyrkjelege vigslene ein kan vente i år. Når så mange gjer seg erfaringar med kyrkja på denne måten, endrar det forventningar og haldningar både hjå medlemmer og hjå kyrkjelege medarbeidarar. Det ser me nærare på i dette nummeret.
Bakteppet
Eit premiss for tanken om drop-in-tilboda er at mange gjerne vil verte døypte eller vigde i kyrkja, men at det finst grunnar for at ein ikkje gjer det likevel. Stein Ellinggard skriv i dette nummeret. Som sokneprest i Lademoen i Trondheim var han med på tidlege gjennomføringar av både dåp og vigsel etter drop-in-prinsippet. I 2021 var han olavstipendiat og intervjua deltakarar på drop-in-dåp.
Av materialet hans går det tydeleg fram at dei som søkjer dåp på denne måten, finn det djupt meiningsfullt, samstundes som mange hadde opplevd det som krevjande å finne tid og rom til ei tradisjonell dåpsfeiring med alle dei kulturelle og familiære forventningane som følgjer med. Eit tilbod om dåp der det vart gjort «heilt enkelt, og like stort», som slagordet frå kyrkjerådet lyder, var dermed kjærkome.
Det er ei form for samverke mellom grasrot og toppnivå i organisasjonen som er vel verd ein ekklesiologisk refleksjon.
Historie medan det skjer
Ein skal vere forsiktig med å spå om framtida, men det ser ut som om me på dette feltet ser endringar skje som vil få konsekvensar for kyrkja i mange år framover. Då er det også verd å reflektere litt over korleis desse endringane skjer. Lokale initiativ vert forsterka med drahjelp frå kyrkja sentralt. Utan støtta i form av PR-arbeid frå kyrkjerådet ville ikkje så mange ha drop-in-tilbod, færre ville vite om det, og forventningane ville ikkje verte endra på same måten. Det er ei form for samverke mellom grasrot og toppnivå i organisasjonen som er vel verd ein ekklesiologisk refleksjon.
Form som gåve
For mange høyrer både barnedåp og vigsel til i ein fase av livet med høgt arbeidspress og store omveltingar, der ein sjonglerer karrierar, omsorgsoppgåver og etablering av felles heim. Når dei kyrkjelege handlingane samstundes er assosierte med mykje planlegging og til dels høge kostnader, er det ikkje så rart at ein del utset det heile.
At gjennomsnittsalderen for brudepar stig, treng ikkje vere eit uttrykk for at ein ikkje har ynskt å gifte seg tidlegare, men at ein har venta til tida og økonomien opnar seg litt. Når kyrkja så kan tilby ei form for både dåp og vigsel med låge krav til planlegging, og der det i større grad er rom for å tenkje alternativt om feiringa elles, så er det ikkje så underleg at ein slår til.
For andre vert sjølve tilbodet om dåp og vigsel på denne måten det høvet dei trengde for å gjennomføre. For eit veletablert sambuarpar er det eine året kanskje like bra som det andre, og då kan bryllaupet fort verte dytta på. Dersom ein ikkje er døypt som barn eller som konfirmant, finst det ikkje eit tydeleg sosialt skript for korleis ein gjer det.
Det er fullt mogeleg, men krev ganske mykje å gå på kyrkjekontoret og be om å verte døypt, uansett om ein ser det føre seg i ein privat seremoni eller å gjere det i ei høgmesse. Når så annonsen for drop-in-tilbod i næraste kyrkje rullar over mobilskjermen, så er det skapt eit høve, der ein kan slå til utan å ta heile initiativet sjølv. Slik sett er det eit tydeleg diakonalt aspekt ved drop-in-tilboda. Kyrkja gjev ei ramme det elles kan vere vanskeleg å skape sjølv.
Vigsel i endring
På mange måtar er ikkje ein drop-in-vigsel veldig ulik ein vanleg vigsel. Dei fleste vigslar er uansett av ganske privat karakter med hovudsakleg inviterte gjester til stades, og dei skjer utanom kyrkjelyden sine samlingar. Det er ikkje høve til å forenkle den fastsette liturgien, så mykje må verte likt. Den store skilnaden er tidsperspektivet. Der mange vigslar kan ha ein planleggingshorisont på månader og år, skjer ting fort når det er drop-in, og det er kort avstand i tid mellom samtale og vigsel.
Det som då ikkje er mogeleg, er den personaliseringa av handlinga som mange brudepar ynskjer. Ein har jo lenge tenkt at tendensen for kyrkjelege handlingar går i retning av meir personleg preg, og forskinga på gravferder syner jo at det der er eit sterkt ynskje.
Det er eit interessant spørsmål om nettopp frigjeringa frå den kulturelle forventinga om at alt skal vere så personleg tilpassa, er ein del av det som gjer at folk vel denne forma for vigsel.
Elisabeth Tveito Johnsen drøftar i ein annan artikkel i dette nummeret om drop-in-vigselen går på tvers av denne trenden. Det er eit interessant spørsmål om nettopp frigjeringa frå den kulturelle forventinga om at alt skal vere så personleg tilpassa, er ein del av det som gjer at folk vel denne forma for vigsel.
Dåp i endring
Ein drop-in-dåp skil seg på ein heilt annan måte frå normalordninga. I Den norske kyrkja, til skilnad frå kyrkjene i nabolanda våre, har det vore eit ideal å ha dåp som del av hovudgudstenesta.
I dag står me dermed med ei spenning mellom dette idealet og ein utbreidd praksis med drop-in-dåp der lausrivinga frå den regulære gudstenestefeiringa er ein del av konseptet. Mange har også erfaringar frå pandemitida, der kyrkja strekte seg langt for å få til dåp i større og mindre format på tider og stader der det let seg gjennomføre. Spørsmålet er om ikkje desse endringane gjer at det er på tide med ei grundig gjennomtenking av dåpspraksisen i kyrkja.
Dersom det er slik at fleire dåp utanfor gudstenesta vert godt motteke av familiane på den eine sida, samstundes som det opnar opp for meir kreativt arbeid rundt hovudgudstenesta på sundag, så er det kanskje verd å reflektere over den gamle restriktive haldninga til laurdagsdåp og liknande. I januarnummeret av Luthersk Kirketidende kjem me til å opne for grundigare refleksjon rundt dåpen i Den norske kyrkja.