Lyden av kyrkje
Når organisten legg hendene på tangentane og let dei fyrste tonane lyde, skjer det noko. Sameleis når solisten stemmer i. Det handlar ikkje berre om luft gjennom gamle orgelpiper, stemmeband som vibrerer, og lydbølgjer som vert kasta fram og tilbake under takkvelvingen.
LK 7/26
Skrevet av Per Kristian Sætre
Ønsker du å få tilgang til alle artiklene? Bli abonnent!
Noko skjer i dei som høyrer tonane, også. Det skjer ikkje det same hjå alle, og det er stor skilnad på om det er gravferd eller vigsle eller ei sundagsgudsteneste, men noko er det. I dette nummeret har me invitert fagfolk til å prøve å setje ord på slike opplevingar. Det trengst for å kunne arbeide godt med musikken som del av livet i kyrkjelyden.
Ord og tonar
Teologar er ordfolk, trena til å vege sine eigne ord på gullvekt og til skarpt og nådelaust å analysere tekstar og ytringar og vurdere både formuleringar og meiningsinnhald. Den praktiske greina av teologien handla lenge om å finne ut kva ord ein skal bruke. Dei siste åra har den empiriske dreiinga gjeve eit språk for kva som hender hjå tilhøyrarane når orda lyder. Desse innsiktene er til stor nytte når ein skal vidareutvikle eiga forkynning, liturgiske tekstar og kyrkja sin praksis i det store og heile.
Samstundes er orda berre ein del av det som skjer. Musikken er minst like viktig. Musikken er ikkje berre tonefølgje og eit veleigna medium for ord, men ei eiga formidlings- og erkjenningsform. Men det faglege arbeidet med musikken skjer i stor grad på andre hus. Av alle dei kyrkjelege profesjonsgruppene er kyrkjemusikarane dei einaste som får utdanninga si utanfor dei teologiske institusjonane. Difor er det særleg viktig å føre ein fagleg samtale der ein kan snakke seg saman og finne eit språk for alt som skjer i kyrkja, slik at ein kan samarbeide godt om å ta vare på og vidareutvikle kyrkja sine tradisjonar. Dette bidreg professor Øivind Varkøy og domkantor Magnus Moksnes Myhre til med sine artiklar.
Store samtalar
Ein samtale om musikken i kyrkja som femner om alle profesjonsgrupper og alle fagtradisjonar, er heilt vesentleg framover. Det skjer nemleg store endringar som kyrkja må forhalde seg til. Dette vert særleg tydeleg i gravferder. Alle som har vore med på å planleggje ei gravferd, på den eine eller den andre eller den tredje sida av bordet, veit at det er her dei store diskusjonane kan kome. Dette vert også stadfesta av forskingsfunna Tone Stangeland Kaufman, Ingvild Lalim Hanseid, Fredrik Saxegaard og Inge Westly presenterer i artikkelen «Mindre kristen og mer personlig?» (Kirke og Kultur, nr. 3/2025).
Ein samtale om musikken i kyrkja som femner om alle profesjonsgrupper og alle fagtradisjonar, er heilt vesentleg framover.
Etterlatne ynskjer musikk som gjev meining for dei. I ei tid der salmetradisjonen vert meir og meir ukjend og allsongen vert svekka som praksis på dei aller fleste arenaer, vert kyrkja sin vanlege måte å gjere ting på utfordra. Dei salmane folk kjenner til, vert oppfatta som lite relevante, og nyare salmar som tekstleg og musikalsk kan treffe dagens livskjensle betre, er ukjende. Samstundes har mange eit sterkt forhold til innspelt musikk og ynskjer å ha med desse meiningsberande elementa i gravferda. Det opnar ikkje kyrkja sitt regelverk utan vidare for. Dessutan er det nokre heilt reelle dilemma her. For det fyrste er musikken privatisert. Radioen som fellesreferanse mistar også terreng til fordel for strøymetenester og personlege spelelister. Musikken som gjev meining for nokre av dei frammøtte i gravferda, gjer det på ingen måte for andre. For det andre er det ei medial utfordring her også.
Bakgrunnsmusikken i kvardagen kjem for mange frå øyreproppane, og musikken vert miksa for å høyrest bra ut i øyregangane. Det er ikkje dermed gjeve at den same musikken høyrest bra ut i eit stort kyrkjerom med massiv etterklang, og i alle fall ikkje over eit litt skranglete lydanlegg som var det beste fellesrådet hadde råd til. Dei som påpeikar at dette gjev låg musikalsk kvalitet, har teknisk sett heilt rett. Men om det skal vere eit avgjerande omsyn, det treng me faktisk ein skikkeleg samtale om.
Store mogelegheiter
Mange ting kjem til å sjå annleis ut om nokre år. Samstundes kan ein ikkje fortape seg i problemskildringane. For tilfellet er at Den norske kyrkja er ein stor musikalsk aktør med store ressursar. Kyrkjerådet trekkjer sjølve fram i årsrapporten frå 2025 at Den norske kyrkja er landets største arbeidsplass for profesjonelle musikarar. I fjor kunne ein notere seg 14 000 konsertar og kulturarrangement, med til saman 1,6 millionar tilhøyrarar og 14 500 frivillige i sving. Familie- og vaksenkor er i vekst, og barne- og ungdomskor har berre ein svak nedgang.
Dette betyr mykje, også utanfor kyrkjeveggane. Som det vart påpeika i eit forsvar for kyrkjemusikkutdanningane i fjor (Khrono, 10.5.2025), inneber dette at dei fleste i Noreg har profesjonelt musikkliv nært seg. Det er ikkje sjølvsagt. Kyrkjemusikarar inngår i eit økosystem av utdanning, kyrkje, arbeids- og kulturliv. I mange lokalsamfunn er det tette band mellom kyrkja og kulturskulen. Kyrkja gjev konsertarenaer for lokalt musikkliv, bidreg til opplæringa og sørgjer for at musikarar har mogelegheit til å skaffe seg leveleg inntekt mange stader. Kyrkja er rett og slett ein viktig musikalsk infrastruktur for heile lokalsamfunnet. Denne posisjonen gjev store mogelegheiter, men gjev også kyrkja eit samfunnsansvar når ein planlegg, lagar strategiar og fordeler ressursar.
Utdanning
Som dei andre yrkesgruppene i kyrkja har også kyrkjemusikarane rekrutteringsutfordringar. Over ein fjerdedel av dei som i dag er i arbeid, vil gå av med pensjon i løpet av det neste tiåret. Kyrkjemusikken sin posisjon som eit lite fag ved store institusjonar gjer også utdanningane utsette. Det såg ein tydeleg i fjor, då NTNU fraus opptaket til kyrkjemusikkutdanninga, trass i at ein hadde kvalifiserte søkjarar. Men samstundes er dette eit så spennande felt med så rike tradisjonar og så store mogelegheiter at det burde vere mogeleg å inspirere ungdom til å søkje mot kyrkjemusikken. Og om me i kyrkja vert betre på å snakke saman om korleis ord og tonar kling saman, så er det også eit bidrag.