Jul i nye folkekyrkjetider
På barne-TV drøymer ein om snø til jul. I kyrkja drøymer ein om fulle kyrkjer. Desse draumane har det til felles at dei skaper håp, motivasjon – og store skuffingar.
LK 12/24
Skrevet av Per Kristian Hovden Sætre
Om ein hadde lagt litt mindre vekt på kvit jul i julekalendrane på NRK, så hadde kanskje ungane hengt litt mindre med hovudet når julekvelden kjem med fem grader og regn. I Stavanger er det i snitt kvit jul kvart femte år, og i Oslo ikkje meir enn annakvart. Kikar ein på kyrkjestatistikken, så er det ikkje sikkert kyrkja vert smekk full i år heller. Men ein kan ta utgangspunkt i korleis ting er og lage ei skikkeleg bra julefeiring i nye folkekyrkjetider.
Draumen om den fulle kyrkja er sympatisk. Det er jo sjølve symbolet på folkekyrkja. Og me ser han betyr mykje. Det lærte me under pandemien. Sunniva Gylver leverer erfaringsnære preikeråd i ein av artiklane i dette nummeret. Ho brukar biletet om jula som forstørringsglas som gjer både det gode og det vonde større. Og covid-julene var verkeleg forstørringsglas som forsterka både den institusjonelle og den individuelle smerta ved å feire jul med påmeldingslister og smittevernrutinar. Me var mange som såg fram til å opne dørene att på vide vegg i jula for to år sidan – og så kom kanskje julefeiringa med ein liten bismak av at det var ikkje fullt så overfylt som me hugsa, og ikkje vart det mykje betre i fjor heller.
Spørsmålet er om draumen var realistisk i utgangspunktet. Kyrkjestatistikken gjev ikkje gode tal for heile julefeiringa, men Statistisk sentralbyrå gjev gode tal for julaftansgudstenestene heilt attende til 2005. Og ein ting er sikkert. «Alle» har ikkje gått til gudsteneste på julaftan. Ein av åtte nordmenn gjekk til gudsteneste på julaftan i 2005. I 2023 var talet ein av tretten. I denne perioden mista Den norske kyrkja knapt ein halv million medlemmer. Det er ein nedgang på 11,7 %. I same perioden minka den samla julaftanskyrkjelyden med over 30 %, samstundes som talet på julaftansgudstenester auka så vidt. Det tyder at desse endringane er svært synlege frå sitteplassane framme i koret. Den gjennomsnittlege julaftansgudstenesta har gått frå 271 til 182 kyrkjegjengarar. Det merkast på både innandørstemperaturen og salmesongen.
Evangeliet om Gud som vart menneske skal framleis lyde. Men samstundes opnar det seg mogelegheiter til å velje i alle fall ein julesalme utanfor ti-på-topp-lista, kanskje bruke kyrkjerommet annleis, og til å velje ei meir utfordrande vinkling i forkynninga.
Endringane i kyrkjesøkinga på julaftan skjedde i stor grad under pandemien. Dermed er ikkje endringane berre svært merkbare; dei har også gått veldig fort. Nedgangen i deltakinga på julaftan var på 30 % for heile perioden me har tal for her, men på heile 24,1 % frå 2019 til 2023. Me snakkar om ein covid-sjokk. Sjølv om alle bispedøma rapporterer om bra auke frå 2022 til 2023, er det urealistisk å drøyme om at ein kan ta att alt det tapte. Ein av grunnane til det, finn ein om ein bryt ned tala på bispedømenivå og ser kvar dei store rørslene skjer. Der skil nemleg Oslo seg ut. Oslo bispedøme har hatt den minste julaftansnedgangen for heile perioden med berre 19 %. Oslo har også det minste covid-sjokket med 18,5 %. Den relative nedgangen i medlemstal i Oslo er for heile perioden berre så vidt høgare enn landssnittet, så det er når me ser på julaftansbesøket i forhold til medlemstalet at tala vert dramatiske. I 2005 gjekk 12,6 % av medlemmene i Oslo til gudsteneste på julaftan. I 2023 var det same talet 11,8 %. Oppslutninga mellom medlemmene om gudstenesta julaftan er i praksis så godt som uendra gjennom heile perioden.
Då er tala ganske annleis for bispedøme med mange bygdesokn der ein tradisjonelt har tenkt at folkekyrkja står sterkt. Talet på kyrkjegjengarar julaftan går aller mest attende i Sør-Hålogaland, Møre og Bjørgvin, med nedgang på oppunder 40 %. I Bjørgvin rapporterer ein om 10 % fleire julaftansgudstenester i 2023 enn i 2005. Den gjennomsnittlege julaftansgudstenesta i bispedømet har gått frå 267 til 155 kyrkjegjengarar. Det merkest godt både i koret og på parkeringsplassen. I det heile syner tala at resten av landet nærmar seg Oslo-nivå. Der Oslo låg godt under snittet i del av medlemmene som gjekk til kyrkje på julaftan i 2005, ligg Oslo nøyaktig på landssnittet i 2023. Landet elles har teke eit skikkeleg byks i retning Oslo-nivå – i alle fall på julaftan.
Denne vesle rusleturen i statistikken er ikkje grunnlag for å trekke sikre konklusjonar. Ein trend er jo at jula kulturelt sett flyttar seg lenger og lenger inn i november. Det kan hende at folk synest det er like greitt å få «Deilig er jorden» og juleevangeliet på ein konsert i fred og ro utan ungar ein tysdagskveld i veke 49. Det er i tilfelle eit uttrykk for aukande individualisme. Så veit ein at sekulariseringa har gått fortare i dei store byane, men covid-åra var eit brot med fellesskapet sine rutinar alle stader. Etter denne pausen er det i større grad eit val om ein skal reetablere dei gamle fellesskapshandlingane. Då vel ganske mange bort kyrkja i jula, og ei underliggande utvikling får konkret uttrykk. Tala gjer i alle fall det til ein plausibel hypotese.
Dette er viktig bakgrunn for den strategiske tenkinga i kyrkjelydar over heile landet. Kyrkjegjengarane har vorte vesentleg færre, og det ser ikkje ut til at tendensen vil snu. Samstundes er det, når ein ser på dei eigentleg ganske stabile tala for Oslo bispedøme, slett ikkje sikkert at det vil halde fram i same tempo. Men denne jula står me etter alt å døme overfor kyrkjer med litt betre plass i benkane. Dei som er der, er der i større grad fordi dei har valt det av eigen fri vilje og i mindre grad fordi det er eit sjølvsagt punkt på julaftan sin dagsorden. Julesalmane, tradisjonane og dei faste punkta i skiftande tider er like viktige som før. Evangeliet om Gud som vart menneske skal framleis lyde. Men samstundes opnar det seg mogelegheiter til å velje i alle fall ein julesalme utanfor ti-på-topp-lista, kanskje bruke kyrkjerommet annleis, og til å velje ei meir utfordrande vinkling i forkynninga. Difor har me i dette nummeret ei langlesing ved Ragnar Misje Bergem, der han drøftar omgrepet «liv» i Johannesevangeliet i ljos av filosofen François Jullien, til inspirasjon i arbeidet med jula sine Johannes-tekstar.
For nokre veker sidan sende eg ut ei uhøgtidleg spørjeundersøking til ein handfull sokneprestar for å høyre korleis juleplanane såg ut. Tilbakemeldinga er ganske unison på at ein prøvar å gjere ting stort sett som før og håper på omtrent like mange folk i benkane som i fjor, i alle fall julaftan og juledag. I romjula er det mange stader viktig å leggje til rette for dåp, men på nyåret skjer det endringar. Juletrefestgudstenester på openberringsdagen eller ein annan av juledagane ser ut til å vere eit fenomen som spreier seg. Juletrefestane er kulturelt på vikande front – dei følgjer ikkje med resten av julefeiringa på ferda frå januar mot november. Så her har kyrkja mogelegheit til å ta eit rom som vart ledig, ta vare på viktig kulturarv og lage nye tradisjonar for nye generasjonar. Her driv mange kreativt utviklingsarbeid, og difor har me utfordra Bjørn Sverre Hol Haugen på Norsk folkemuseum til å skrive om kvar juletrefestane kjem frå i dette nummeret.
Då står det berre att å på vegner av heile redaksjonen ynskje dykk god jul og Guds signing over både kvile og teneste denne julehøgtida.
Per Kristian Hovden Sætre
Sokneprest i Volda
I dette julenummeret av LK kan du lese følgende artikler:
«Julens forkynnelse – mellom julesorg og juleglede» av påtroppende biskop i Oslo Sunniva Gylver
«Et fly fløy i natten: Om å være påkoblet livet» av Ragnar Misje Bergem.
«Juletrefest frå skulestove til bedehus og museum» av Bjørn Sverre Hol Haugen.
I tillegg kan du lese et utdrag fra lederen til det kommende Tidsskrift for praktisk teologi, og som vanlig Månedens salme og søndagsteksten.