
Me syngja skal den nye song
I år feirar me hundreårsjubileum for Nynorsk salmebok. Me kunne feira førtiårsjubileet for Norsk salmebok, den fyrste felles salmeboka for heile Den norske kyrkja. Og me har all grunn til å feire det språklege mangfaldet i den nyaste salmeboka vår, der over tredjeparten av salmane har tekst på nynorsk, og samiske og kvenske tekstar har teke sin naturlege plass.
LK 7/25
Skrevet av Per Kristian Sætre
Ønsker du å få tilgang til alle artiklene? Bli abonnent!
At så mange i dette landet kan finne tekstar på sitt hjartespråk i salmeboka er ikkje sjølvsagt. Det er sjeldan slik at ein dominerande kultur opnar døra for andre heilt utan vidare. Kampen for Nynorsk salmebok var viktig for nynorsken, men òg for kyrkja. Det var eit steg på vegen mot dagens språklege og kulturelle mangfald.
Når støvet legg seg
Når støvet legg seg etter striden, er det fort slik at partane kappast om å ta æra for eit godt utkome. Fagrørsla minner ofte om at rettar og godar i arbeidslivet slett ikkje er noko kapitalen og høgresida har gjeve av god vilje, men er fruktene av solidarisk arbeidarkamp.
Sameleis er det på det språklege området. Når det i dag er heilt naturleg å syngje Blix og Hoem i kva kyrkjelyd som helst, Agnes Ravatn kan skrive på sitt eige språk i Aftenposten og denne gamle dansknorske publikasjonen kan ha ein leiarteig på nynorsk, så er ikkje det fordi den rådande språklege eliten av rein velvilje sleppte til andre røyster. Fordi så mykje har endra seg på hundre år, kan ein humre litt av dei kvasse og pompøse formuleringane som fall i språkstriden i fyrste del av førre hundreåret.
Men det er ei privilegert humring. For det var ramme alvor. Kanskje tok Hulda Garborg litt hardt i då ho om opninga av Det norske teateret i 1913 sa seg lukkeleg over at dei hadde skipa eit norsk teater i hovudstaden og «var komne fraa det med livet». Men teaterslaget i Rosenkrantz’ gate i veka kring opninga er framleis av dei mest omfattande gateopptøyane i Noreg nokon gong.
Salmestrid
Om ein blar i dei hundre år gamle årgangane av Luthersk kirketidende, finn ein heftig debatt om den nye salmeboka. Det er ikkje så rart. Det var meininga at den reviderte Landstads salmebok skulle vere felles for heile kyrkja og ta med eit rikt utval salmar på nynorsk.
Å nøye seg med kring ein femtepart av salmane vart for smått for ei rørsle som representerte eit skriftspråk i sterk framgang. Dei var ikkje interesserte i å vere husmenn under storgarden, som Anders Hovden uttrykte det. Difor vart Hovden og biskopane Bernt Støylen og Peter Hognestad redaktørar for ei eiga nynorsk salmebok.
Hadde det vore i dag at to biskopar slo seg saman med ein frittalande diktarprest og laga alternativ salmebok medan kyrkjeleiinga si salmebok framleis var under arbeid, så skulle du sett på rabalder. Den indignasjonen ein finn er trass alt ganske moderat, for statskyrkja av 1925 var noko ganske anna enn dagens kyrkje.
Andre ser det som eit større problem at ein del i kyrkjelydane kjem til å miste salmar dei er glade i, om dei brått skal gå over til å syngje alle salmane på nynorsk, slik planen var i 1925. Denne historiske bakgrunnen har professorane Per Halse og Anders Aschim arbeidd mykje med tidlegare, og dei har med kvar sin artikkel i dette nummeret også. Halse sin artikkel i siste nummer av Teologisk tidsskrift er også tilrådd lesnad.
Nynorsk litteratur
Andre igjen er urolege over kvaliteten på ein del av dei nye salmane. Blix sine salmar hadde vore autoriserte til gudstenestebruk sidan 1892 og hadde allereie fått ein eigen status. Det er dei nyare tekstane, der Hovden og Støylen dominerte, som er problemet. Kritikarane er ikkje utan poeng. Ein del salmar i Nynorsk salmebok ber preg av å ha vorte til ganske raskt.
Samstundes heng kritikken også saman med stilskifte i litteraturen elles. Dei nye tekstane vert heile vegen samanlikna med gamle tyske og danske meistrar. Det er i liten grad tale om nyare salmar på riksmål. Det var på nynorsk nyskapinga i salmespråket skjedde for hundre år sidan, naturleg nok ikkje utan debatt. Jan Inge Sørbø set i sin artikkel nynorsksalmane inn i sin litteraturhistoriske samanheng.
Vegen mot mangfaldet
Nokre moment frå debatten verkar derimot håplaust utdaterte. Somme er klassisk majoritetsblinde og skuldar på minoriteten for å lage strid. Det er ein hersketeknikk ein vonleg har lært seg å avsløre sidan. Og nokre få vil rett og slett ikkje vite av heile nynorsken og nektar å syngje ein einaste nynorsksalme. Slik retorikk må ein no til ungdomsparti på høgresida for å finne.
For i dag er det i stor grad språkfred i Den norske kyrkja. Nynorsken har gått ein del tilbake frå stordomstida rett etter andre verdskrigen, då kvart tredje sokn brukte Nynorsk salmebok, men nynorsken er rikt representert både i Norsk salmebok frå 1985 og som del av språkmangfaldet i siste salmeboka frå 2013.
Det er vanskeleg å seie noko om årsaker i store utviklingsprosessar som slett ikkje berre har skjedd på kyrkjeleg mark, men det er lett å sjå at kampen for Nynorsk salmebok var eit steg på vegen fram mot det mangfaldet me har i dag.
Ikkje berre solskin
Like fullt er det ikkje slik at dette mangfaldet gjev seg sjølv og at arbeidet er ferdig. Språkrøkt krev merksemd, tid og pengar. At «Deg å få skode» vert sungen alle stader utan kontroversar, kan dekkje over ein del utfordringar for nynorsken som kvardagsspråk i kyrkja. Dei vert større når økonomien vert trongare.
Forlaga strekkjer seg langt for å lage parallellutgåver, men for ofte får me høyre at det ikkje går rundt. Dei same utfordringane som i alle år har vore knytt til produksjonen av lærebøker, har ein også når liturgiar, bønetekster og annonsemalar skal ut – av og til ganske fort.
Då treng ein rutinar og ressursar for å få fram materialet samstundes på bokmål og nynorsk. Elles er resultatet anten at nynorskkyrkjelydane ikkje kan bruke det, eller at me sit på kvart vårt nes og omset sjølve og går glipp av kvalitetssikringa i ein felles prosess.
Jubileumsfest
Fyrst og fremst er dette hundreårsjubileet eit høve til å feire den nynorske salmeskatten som ein felles arv som stadig veks og er i utvikling. Nynorske salmar var i år tema for Norsk hymnologisk foreining sitt arrangement “Salmens dag”.
Hovudartiklane i dette nummeret er bygd på føredraga derifrå. I tillegg finn ein Per Kristian Aschim sin artikkel om korleis andre viktige salmar vaks fram, nemleg dei som inngår i Ellingsen og Kverno si sankthansvigilie “Rydd vei for Herrens komme,” som feirar femti år i år.
Til jubileet for Nynorsk salmebok oppmodar Kyrkjerådet og Mållaget kyrkjelydar over heile landet til å lage sine eigne jubileumsmarkeringar utover hausten. Under Dei nynorske festspela vart jubileet markert med festgudsteneste der preses heldt preika.
Festspeldiktar Marit Kaldhol las nyskrivne salmetekstar, og seinare vart dei framførte med nye melodiar av Beate Slettevoll Lech, og på kvelden song me gamle og kjære salmar i Volda kyrkje.
Så lag ei feiring av mangfaldet i haust! Og har du ikkje høyrt salmeplata til Beate frå 2011, med berre nye tekstar av kvinnelege forfattarar, så finn henne fram i sommar.
I bladet finn du følgjande artiklar:
- «Salmearven i levande live» – ei rundspørjing om nynorske salmar
- «Vegen mot Nynorsk salmebok» av Per Halse
- «Frå Nokre Salmar til Nynorsk Salmebok: Blix-salmane 1891–1925» av Anders Aschim
- «Nynorske salmar mellom folkespråk og kunstspråk» av Jan Inge Sørbø
- «Rydd vei for Herren femti år» av Per Kristian Aschim
I tillegg finn du søndagsteksten og månadens salme.