Ny bibel for kyrkja?
I vår lanserte Bibelselskapet Bibel 2024. Det innebar fleire store avisdebattar og ei lang rekkje nye bokutgåver av Bibelen. Mange av dei er svært vakre. Sjølv har eg vorte veldig glad i den nye folkebibelen med teksten i ein spalte.
Vidare gjev Bibelselskapet for fyrste gong ut ein bibel med katolsk kanon, og ein ny konfirmantbibel har også kome til. Men er Bibel 2024 ny nok til å rettferdiggjere endringar i tekstbøker og liturgi?
Leder LK 9/24
Skrevet av Per Kristian Hovden Sætre
Bibel 2024 er inga ny omsetjing, slik Bibel 2011 er. I stil og rettskriving er dei to like, og lange strekk med tekst er identiske. Det er ikkje så rart. Teknisk sett er dette nemleg ein revisjon av 2011-bibelen. Dei sameinte bibelselskapa (UBS) tilrår at alle omsetjingar skal reviderast etter noko tid. Omsetjinga av 1978 vart revidert i 1985. Men om ein søkjer i Nasjonalbiblioteket sin avisdatabase frå det året, finn ein nesten ingen oppslag om bibelomsetjing. Revisjonen ser ut til å ha fått lite merksemd. Bibelselskapet omtalar sjølve arbeidet som «justeringsarbeid» som vart avslutta i og med dei ordinære opplaga av Bibelen som kom det året. Bibel 2024 er kanskje ein revisjon, men av ein ganske annan type enn 1985-revisjonen.
Ein av skilnadene er at denne revisjonen vert følgt av ei lang rekkje nye bibelutgåver. Det er tydeleg fleire som ser potensialet for bibelsal, for i mange bokhandlarar har det stått pallar med nye biblar framme. Det mest historiske er at Bibelselskapet no for fyrste gong gjev ut ein bibel med katolsk kanon. Dette er viktig for Den katolske kyrkja, men også for alle med interesse for kyrkjehistorie og studiet av jødedommen i antikken. I 2018 kom ei ny omsetjing av apokryfane til bokmål og nynorsk. Det var også den aller fyrste til nynorsk. No får desse bøkene plass i GT slik dei har i katolsk kanon, og dei er også tilgjengelege på bibelen.no ved sidan av den protestantiske kanon. Vonleg får både apokryfane og omsetjingsarbeidet større merksemd no.
Bibelselskapet lanserer også ein ny konfirmantbibel. Som mjukbindutgåve av folkebibelen er han flott, men mange stiller spørsmålet om han er for tung og for lite robust til å tole livet i ein konfirmantryggsekk. I tillegg er han noko dyrare enn den gamle, men likevel den billegaste som er å få, ettersom den gamle «skuleutgåva» er kutta frå sortimentet. Her høyrer eg både kateketar og vanlege bibelkjøparar sukke tungt over at ein ikkje kan få ein rimeleg bibel lenger. Det er ikkje tvil om at prisveksten har råka bibelproduksjonen også.
Når det gjeld omsetjingsprinsippa, seier dåverande leiar for omsetjingsseksjonen i Bibelselskapet, Hans-Olav Mørk, i ein presentasjon for Bispemøtet i oktober 2023 at «i Bibel 2024 er de samme prinsippene som i Bibel 2011 brukt, bare på en enda mer gjennomført og kanskje dristigere måte.» Det er ein dekkande karakteristikk. I omsetjingasarbeidet veg ein heile tida kulturelle, kyrkjelege og vitskaplege omsyn mot kvarandre. Kompromissa ein kjem fram til, står seg ei tid. Debatten og tilbakemeldingane etter 2011 har gjeve frimod til å gå lengre på mange område. At gresk doulos no på langt fleire stader er omsett «slave» og ikkje «tenar» er det tydelegaste dømet, og ei endring som får konsekvensar for svært mange preiketekstar. Denne endringa legg seg nærare den greske teksten. Den andre mykje omtala endringa, å skrive «dei jødiske leiarane» eller tilsvarande på stader der gresken berre har hoi ioudaios, går i motsett retning. Her legg ein til noko utover den reint leksikalske tydinga av orda i grunnteksten. Det ein oppnår, er å få fram noko som ligg implisitt i den litterære konteksten, men som ein lesar med mindre kjennskap til antikke språk og kulturar kanskje ikkje oppfattar. Alle omsetjingar gjev litt slik lesehjelp, men det er ein ope spørsmål kor langt ein bør gå. Endringane på dette området både reduserer det antisemittiske tolkingspotensialet og gjer det lettare å identifisere karakterane i dramaet i Johannesevangeliet. Ein vinn noko viktig med det.
Endringane i Bibel 2024 er kanskje ikkje veldig mange i talet, men dei er viktige og finst særleg i dei tekstane det vert preika oftast over.
Bibelselskapet har tradisjonelt funne ein veg mellom ytterpunkta, og slik laga omsetjingar som står seg over tid og kan brukast av mange. Og det kan det også sjå ut til at dei også gjer med 2024-revisjonen. Samstundes med sluttføringa av revisjonen, har ei anna gruppe jobba med ei anna type omsetjing, i eit prosjekt som no heiter «Bibelen Flyt». Mandatet til denne gruppa, der eg sjølv er med, er å omsetje Det nye testamentet frå gresk direkte til enkel norsk. Målet er å gjere Bibelen lettare tilgjengeleg for dyslektikarar, andrespråksbrukarar og ande med leseutfordringar. Elles er prinsippa og rammene dei same som for hovudomsetjinga. I dette nummeret av Luthersk kirketidende skriv forfattar og stilist Kari Saanum om sine erfaringar som bibelomsetjar.
Jorunn Økland, leiar i omsetjingsutvalet, skriv i ein annan artikkel i dette nummeret av Luthersk kirketidende at det er det ein verdi i seg sjølv at ein bibeltekst framstår med ein viss alteritet. Teksten er noko anna, og bør også framstå slik når han vert lesen. Det synleggjer at tolking er naudsynt – og syner kva som er predikanten sitt mandat. Med årets revisjon går Bibelselskapet fleire steg i retning ein rarare og meir framandarta tekst. Mange bibellesarar vil oppleve dette som eit tap. Samstundes er det viktig for truverdet til ei bibelomsetjing i 2024 at ein ikkje dekkjer over det som er vanskeleg. Ei omsetjing som skal lesast høgt i kyrkjene og av både gamle og unge kan ikkje omsetjast akkurat slik ein omset andre antikke tekstar. Om ein vil sjå korleis det kan gjerast, kan ein gløtte på Helge Fauskanger sitt ikkje heilt vellukka nytestamente frå 2015 eller David Bentley Hart sitt betre funderte på engelsk frå 2017/2023. Ei lita rørsle i denne retninga meiner eg er av det gode – sjølv om det vert fleire vers som skurrar under høgtlesinga.
Artikkelen til Jorunn Økland inneheld fleire gode argument for kvifor me no har fått ein betre bibel å preike over. Endringane i Bibel 2024 er kanskje ikkje veldig mange i talet, men dei er vesentlege og finst særleg i dei tekstane det vert preika oftast over. I Den norske kyrkja les me tekstane frå godkjende tekstbøker. Difor er det gledeleg at Bispemøtet slo fast i oktober i fjor at Bibel 2024 skal takast i bruk i gudstenester og kyrkjelege handlingar. Kyrkjerådet har vedteke at prestane skal få biblar og at dei digitale liturgiane skal oppdaterast. Men det vedtaket er berre halvveges så lenge ein ignorerer at me faktisk treng ei ny fysisk tekstbok. Liturgien vår føreset at ein les tekstane frå ei skikkeleg bok. I tillegg treng mange bibeltekstar litt tilpassing for å fungere som gudstenestelesingar, difor er det uansett ei dårleg løysing å lese rett frå ein bibel. Om ein lagar ei ny utgåve av tekstboka, kan ein også få med dagens bøn, dei poetiske tekstane og rekkjene til konfirmasjonstida og andre vedtak som er gjorde etter at tekstboka kom i fyrste utgåve. Det er på høg tid å kome i gang med arbeidet.
I dette temanummeret finn du følgjande temaartiklar:
- «Bibel 2024 – en bedre tekst å preke over» av Jorunn Økland
- «Å kle Bibelens tekster i et nytt språk» av Kari Saanum
I tillegg finn du ein artikkel om Barmenerklæringa i samband med 90-årsjubileet, bokmelding, månadens salme og søndagsteksten.